fredag 25. februar 2011

Arbeidskrav 1: A) Gruppearbeid

Gruppearbeidet med denne delen av oppgåva vart litt amputert for min del. Grunnen til dette er at eg har vore sjukemeldt i over to månader med avreven akillessene. Eg var ikkje på samlinga i Dale og fekk difor ein dårleg start på arbeidskravet.


Samarbeidet har føregått seg via telefon, mail og deling av googledokument. Dette har fungert veldig godt. Eg har vore heime og har hatt tilgang til dei same dokumenta som dei andre på gruppa, genialt.


I samarbeid med dei andre bestemte me oss for eit felles tema som er aktuellt for alle tre studieretningane. Vi vart einige om at førstehjelp var eit godt tema og laga ein opplæringsplan.


Presentasjonen hadde dei andre i gruppa laga ferdig før eg hadde fått tilbod om å vere med og difor har eg laga ein sjølv med utgangspunkt i presentasjon dei hadde laga. Dette gjorde eg for eigen trening. Her er resultatet:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar