fredag 25. februar 2011

Arbeidskrav 1: B) Individuell refleksjon

Arbeidet med dette arbeidskravet har gitt meg ei bratt læringskurve på både google dokument og blogg. Eg har aldri benytta meg av verken det eine eller det andre, men ser heilt klart fordelen med å nytte slike verktøy. Fekk erfare fordelen med å dele dokument på nettet sidan eg ikkje kunne vere på jobb. I staden for sat eg heime i sofaen med min eigen laptop på fanget og kunne arbeide like effektivt som eg hadde vore på arbeidsplassen.

Sidan eg ikkje var på samlinga i Dale fekk eg kanskje ein litt tøffare start enn dei andre studentane, men etter eg hadde gått gjennom undervisningsstoffet på fronter og hadde sett gjennom videobloggen til Andrine gjekk det meste greit. Google dokumenter er enkelt å sette seg inn i dersom ein har brukt liknande verktøy frå før. Ein må leite litt etter dei ulike funksjonane i starten, men etterkvart går det seg til. 

Blogg har eg aldri skreve før, og syns det er litt skummelt å dele det eg tenker og skriv på nettet, men dette er ein barriere som ein må bryte. Dette gjeld sjølvsagt også deling av undervisningsopplegg og liknande. Her kan og må vi bli mykje flinkare, og google dokumenter er eit glimrande verktøy for nettopp dette. 

Eg ser framover til å auke min digitale kompetanse gjennom vidare arbeid med dette studiet! I PPU-studiet hadde vi eit PU-prosjekt som gjekk på digital kompetanse og digitale verktøy i opplæringa og har difor eit grunnlag frå det arbeidet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar