Sidan eg ikkje var på samlinga i Dale fekk eg kanskje ein litt tøffare start enn dei andre studentane, men etter eg hadde gått gjennom undervisningsstoffet på fronter og hadde sett gjennom videobloggen til Andrine gjekk det meste greit. Google dokumenter er enkelt å sette seg inn i dersom ein har brukt liknande verktøy frå før. Ein må leite litt etter dei ulike funksjonane i starten, men etterkvart går det seg til.
Blogg har eg aldri skreve før, og syns det er litt skummelt å dele det eg tenker og skriv på nettet, men dette er ein barriere som ein må bryte. Dette gjeld sjølvsagt også deling av undervisningsopplegg og liknande. Her kan og må vi bli mykje flinkare, og google dokumenter er eit glimrande verktøy for nettopp dette.
Eg ser framover til å auke min digitale kompetanse gjennom vidare arbeid med dette studiet! I PPU-studiet hadde vi eit PU-prosjekt som gjekk på digital kompetanse og digitale verktøy i opplæringa og har difor eit grunnlag frå det arbeidet.